Nina Kjølsen Jernæs, Barbro Wedvik og Mille Stein, alle målerikonservatorar frå NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforskning), har hatt spennande dagar i Olden og Loen.

Aldri før vore gjort

Då Fjordingen var innom Loen kyrkje fredag var dei i full gang med arbeid på den gamle kyrkjegavlen som stammar frå ei tidegare kyrkje.

– Det vi gjer her er å sjå over overflata, registrere laus måling og gjere testar på å feste den lause målinga, fortel Nina Kjølsen Jernæs til Fjordingen.

I gamlekyrkja i Olden har dei arbeidd med altertavla og dessutan gjort tekniske undersøkingar av Maria-skulpturen der.

– Det har aldri før vore gjort nokon grundig, teknisk undersøking av denne, så det er spennande, seier Jernæs.

Moses-skulpturen tilbake

Olden gamle kyrkje er ei krosskyrkje frå 1759, og utgravingar under kyrkjegolvet har vist at det tidlegare har stått ei stavkyrkje på same staden, truleg frå 1300-talet.

– Ved altertavla står det også to skulpturar, Moses og døyparen Johannes. Moses-skulpturen var i svært dårleg forfatning, så han vart frakta til NIKU sitt atelier i fjor for at arbeidet skulle gjerast der, fortel målerikonservatoren.

No er Moses-skulpturen tilbake og remontert ved altertavla i Olden gamle kyrkje.

Frå 1772

Altertavla er truleg laga i Bergen av Vallentin Wedel. Tavla har motiv frå nattverden og har altså skulpturar av Moses og Døyparen Johannes på sidene. Over står initialane til Peder Pederson Tonning d.y., han som gav altertavla til kyrkja.

Altertavla er frå 1772, men vart seinare overmåla. I 1971 var ho teken inn til restaurering ved dåverande Riksantikvarens kirkeatelier på Vestlandet.

Liming og måling

Då vart mykje av overmålinga teken bort, og det vart retusjert der det mangla originalmåling.

– Det som vart retusjert i 1971 har endra farge, så no har vi jobba med dei gamle retusjane og måla inn der det har vore nye skadar sidan sist, fortel Jernæs.

Heile altertavla er reingjort og original, laus måling vart limt før ny måling vart gjort.

Kan vere ei utfordring

Loen kyrkje, eller Lokyrkja, er ei åttekanta kyrkje frå 1837.

Gavlstykket som heng på den eine sideveggen stammar frå den tidlegare kyrkja i Loen, som i følgje jubileumsskriftet for 150-årsjubileet til Loen kyrkje kan ha vore ei stavkyrkje eller ein kombinasjon av stavverk og laft.

Gavlstykket frå den gamle kyrkja er måla med vassløyseleg måling. Det kan vere ei utfordring, fortel målerikonservatorane.

Mykje brukt i stavkyrkjene

– Her er det brukt limbasert måling frå animalsk lim, blanda med fargepigment. Dette var mykje brukt mellom anna til interiørdekor i stavkyrkjene, fortel Jernæs.

– Så dette krev andre teknikkar enn til dømes på altertavla i gamlekyrkja i Olden, som er oljebasert. Men det er prosjekt NIKU jobbar mykje med, så vi har godt med kunnskap om korleis dette skal gjerast.

Fantastisk bilde

Tre måleri som heng i Loen kyrkje har også vore inne til behandling hos NIKU. Dette vart gjort i fjor.

– Arbeidet omfatta rensing og stabilisering, seier Nina Kjølsen Jernæs, og viser fram eitt av måleria, som heng til venstre for orgelpipene i Lokyrkja. Måleriet har motivet Maria med barnet og påskrifta Maria Matar Dei - Maria Guds Mor.

– Dette er eit måleri frå 1675, av ukjent opprinnelse. Eit fantastisk bilde! seier målerikonservatoren.