NAV-leiar i Stryn, Kari Tonning, fortalde at NAV i større grad skal digitaliserast, før ferske og positive tal over arbeidsløyse i Stryn vart presentert. For landet er snittet i dag 2,6 prosent, medan i Stryn er den berre ein prosent.

NAV Kari Tonning i NAV Stryn presenterte ei rekkje positive tal for Stryn. I Sogn og Fjordane er det berre Sogndal og Hornindal som har lågare tal av mottakarar av NAV-støtte enn det Stryn har. Foto: Roger Oldeide

NAV-leiaren kunne og orientere om utfordringar som ho ville ha politisk vilje til å handtere. Tonning meinte dei største utfordringane er knytt til rus, gjeld, legesituasjonen og sosialhjelp, primært for flyktningar.

Foto: Roger Oldeide

– Vi har ein jobb å gjere med å få flyktningar til å bli aktive samfunnsborgarar som betalar sin skatt med glede, sa ordførar Sven Flo.