Eit nytt forslag om fleire tilsette og fleire barnehagelærarar i norske barnehagar blir sendt ut på høyring torsdag.

– Vi foreldre veit at dei tilsette er det viktigaste i barnehagen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Aftenposten.

Regjeringa vil no ha fleire tilsette per barn og fleire barnehagelærarar, både i private og offentlege barnehagar.

– Vi foreslår ei skjerpa pedagognorm og ei innføring av ei nasjonal bemanningsnorm, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa vil innføre nasjonale krav til generell bemanning, det vil seie at talet på barn per vaksen skal bli lågare. I tillegg vil dei altså skjerpe krava til tilsette med fagkompetanse.

Dersom Isaksen får det som han vil, kjem forslaget til å tre i kraft frå 1. august neste år. Men han forventar at barnehagane begynner å tilsetje fleire folk med ein gong.

– Det blir gitt 413 millionar kroner i året for å sørgje for å auke kvaliteten i barnehagane. Men allereie i år vil det bli gitt 172 millionar. Vi startar med utbetalingar til kommunane til hausten, fordi vi forventar at dei allereie no begynner å tilsetje fleire vaksne i barnehagane, seier han.

(©NPK)