I skogen bak speidarhytta høyrer vi lyden av hammar og sag. Rykta seier at det er ein western-by under oppføring.

Og heilt rett, inn i mellom trea er fleire bygg i ferd med å reise seg. Her byggjer ungane på harde livet, og pause har dei knapt tid til. Innsatsen er på topp, og byggjeleiar David Sigurdsson har meir enn nok med å ha tilstrekkeleg med plank tilgjengeleg.

– Dei som seier at ungar er late i dag tek grundig feil, seier Sigurdsson, som knapt har opplevd så aktive ungar.

Også på kunstgraset er det full rulle blant fotballspelarane. Teknikktrening, ballkontroll og ikkje minst fotballkampar står på programmet.

– Kjekt og moro å vere med, seier Sokrates Ullebø Hool og Edvard Flo Håvik som unner seg ein pause når det er snakk om fotografering.

– Her blir vi gode og sveitte, seier Håvard Vinsrygg Steen som er med på den yngste gruppa.

I kulturhuset har det også vore hektisk, der scenekunstnarane og dansarane øver inn eit program som vart vist fram fredag ettermiddag.

(Dette kjem vi tilbake til i avisa tysdag.)