Hurtigruten helsar forslaget om strengare reglar for kloakkutslepp i norske turistfjordar velkommen og har sjølv peikt ut fleire nullutsleppssoner. Utslepp av kloakk er eit stort problem i fleire fjordar med mykje turisme. Tal frå Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap viser at det kan bli sleppt ut nesten 400 kubikk med kloakk på ein sommar i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, fortel NRK.

Det er like mykje som minst 80 billass.

Sjøfartsdirektoratet har nyleg føreslege at det skal bli forbode å dumpa kloakk i Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

Direktoratet har også sett nærmare på kven som står bak kloakkutsleppa i verdsarvfjordane. I undersøkingane kjem det fram at utsleppa mellom anna stammar frå Hurtigruten og lokale ferjer, medan cruiseskip i internasjonalt fart stort sett ikkje gjorde det.

Hurtigruten varslar no at skipa deira vil endra kurs når det gjeld utslepp. Talsmannen for selskapet, Trune Thomas Ege, helsar forslaget om strengare utsleppsreglar i verdsarvfjordane velkommen og seier at Hurtigruten ønskjer å påleggja seg sjølv endå strengare krav.

– Vi ønskjer å gå endå lenger, og har peikt ut fleire nullutsleppssoner langs kysten, seier han.

Nullutsleppsonene til Hurtigruten omfattar i år Storfjorden, Geirangerfjorden, Lyngenfjorden og Hjørundfjorden.

(©NPK)