Lodalen er ikkje berre ei turistperle, den er også vel verdt eit besøk for lokale innbyggjarar som søkjer kombinasjonen aktivitet og storslått natur. Her kan ein fylle ein heil dag med sykkel, fotturar og aktivitetar på vatnet.

Langs vegen er det fleire mulegheiter for påfyll av mat og forfriskingar.

På hjul Å sykle inn Lodalen er ei fantastisk oppleving, men har ein ungar bør ein kanskje unngå høgste turistsesongen. Det kan vere litt trangt om saligheita på dei smale og tidvis svingete vegane.

Vi tok med oss den lokale kjentmannen Tore Hogrenning Haugen. Rett nok har han gjort stryning av seg, men er oppvaksen på garden Hogrenning, halvvegs inn i Lodalen. Saman med borna Henrik (7) og Hanna (10) utforska vi deler av barndomsdalen ein dag seint i mai.

Fiskemulegheiter

Hogrenning Haugen meiner at fleire bør ta i bruk det flotte Lovatnet. 15 kilometer strekkjer det seg innover dalen, frå gardane ved Sande og Sæten og inn til Kjenndalen.

– Ja, ein bør få med seg vatnet på ein eller annan måte. Anten med fiskestang, eller med kano eller kajakk, seier han. Og når det gjeld fiskestanga er Rune Sande Beinnes på Sande camping heilt einig.

15 kilometer Lovatnet strekkjer seg omlag halvanna mil innover dalen. Her utsyn frå Sande camping etter knappe to kilometer.

– Vi fjerna fiskekortavgifta for fleire år sidan for å få opp interessa. Vi treng å fiske opp litt for å få endå betre storleik på fisken, seier han. Sjølv fiskar han mykje i vatnet, kanskje fram i eit par tusen aure i året. Og den er eit populært innslag på menyen i kaféen.

– Det er kjekkare å lage til aure enn biffsnadder, ler mora Turid Sande Beinnes, som styrer i kjøkkenet. Saman med heimelaga ramslauksmør fell den i god smak hos turistar og lokalbefolking.

Både på Sande camping, Lovatnet camping og ved Kjenndalsstova kan du leige robåt, trøbåt eller kano. Dei leiger også ut fiskeutstyr.

Kjenndalstova Inst inne i Lodalen møtte vi Jan Ove Hogrenning som driv Kjenndalsstova. Han tilbyr også turar med turistbåten Kjenndalen II.

Å ro eller padle heile vatnet er gjerne for dei meir vidarekomne, og her skal ein også ha litt respekt for dei skiftande vêr- og vindforholda. Sjølv om det ikkje akkurat er ope hav, kan det bli krevjande nok om ein blir overraska midtvegs på vatnet. Her er det lurt å lytte til utleigarane med lokalkunnskap.

Sykkel og fottur

Då kan det vere vel så fint å bruke sykkelen som framkomstmiddel, og i staden bryte opp denne med nettopp ein kano- eller båttur på vatnet.

– Det er eit flott område å bruke som treningsarena for sykkelen, anten inn til Kjenndalen eller opp til Bødalen om ein vil ha litt meir bakkar, seier Hogrenning Haugen.

Kjenndalsbréen Det var her dei første turistane i Nordfjord, tilbake på 1800-talet, oppsøkte bréen. Men etter kvart overtok Briksdalsbréen som den mest besøkte, og er også den mest kjende av dei to.

Skal ein på familietur er kanskje ikkje turistsesongen den beste tida for sykling med tanke på trafikken langs dei smale og svingete vegane.

– Men vegen frå Kjenndalsstova og inn til breen er fin for barnefamiliar. Parkere på kjenndalssanden og sykle inn til breen og tilbake att, og deretter ta seg ein is på Kjenndalsstova, er anbefalinga frå Hogrenning Haugen.

Anten ein køyrer eller tek sykkelen i bruk inn dalen, er det fleire stoppunkt å anbefale på vegen. Eit av dei meir fotograferte motiva i Lodalen er ved Breng. Ein pust i bakken ovanfor sela fortel deg kvifor. Eit flott spel av fargar i vatnet og fjella, saman med det irrgrøne graset, ja det er noko heilt for seg sjølv.

Breng Dette er eit av dei mest fotograferte motiva i Lodalen. Til og med på Times Square i New York har det hengt plakatar av Breng for å lokke turistar til Norge.

Inne ved Ravnefjell, der dalen smalnar, finn ein minnetavla etter lodalsulukkene i 1905 og 1936. Her kan ein også legge inn ein fottur ned til sundet der raset fylde vatnet, og passerer då mellom anna vrakrestane etter turistbåten Lodalen som trafikkerte vatnet før ulukka i 1936.

Minnetavla Like før Kjenndalen passerer ein minnetavla etter dei omkomne i lodalsulukkene.

Stien er tydeleg merka med Historisk vandring og Pilgrimssti oppe ved vegen.

– Men kva med bading då, spør vi kjentmannen vår.

– Ungane tykkjer jo det er heilt topp - dess kaldare dess betre. Men eg er blitt så gammal at alt under 37 grader blir kaldt, ler Hogrenning Haugen. For dei tøffaste er likevel mulegheitene fleire, og då er kanskje stranda ved Sande camping å anbefale.

MS Kjenndalen II Turistbåten på veg til kai i Kjenndalen. I bakrunnen ser vi Ravnefjell. Gjennom sundet er det trangt og stadvis veldig grundt etter dei to rasa.