– Medan dei aller fleste fylka og landet har ein auke i det legemelde sjukefråveret, har Sogn og Fjordane klart største reduksjon med 2,5 prosent, fortel NAV direktør Tore Thorsnes. Med eit sjukefråver på 5,0 prosent er det berre Oslo som har lågare legemeldt fråvær.

Sogn og Fjordane har over tid hatt klart lågare sjukefråver enn fylke som det er naturleg å samanlikne oss med. -Ulikskapane i sjukefråver mellom fylka vert forklart med ung befolkning, utdanningsnivå og næringsstruktur, noko som paradoksalt nok skulle tilseie at Sogn og Fjordane låg i øvre sjikt, fortel Thorsnes

Han trur mykje av årsaka til det låge sjukefråveret skuldast at gode haldningar hjå arbeidstakarane, arbeidsgjevarane og legane til saman gjev godt positivt utslag på statistikken.

– I tillegg er det nok slik at det er samanheng mellom arbeidsløyse og sjukefråvær. Dette kan vi t.d. sjå i Rogaland, der høg arbeidsløyse dei siste par åra har ført til betydeleg auke i sjukefråværet særleg innan næringar som er råka av oljekrisa, seier Thorsnes i ei pressemelding.