Karoline Flo frå Stryn var med då 80 av Norges mest talentfulle jentespelparar 14 og 16 år var på talentsamling.

På leiren fekk talenta mellom anna trene med landslagspelar og Champions League-vinnar Ada Hegerberg. .

Talentleiren er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Statoil sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter, opplyser fotballforbundet i ei pressemelding.

I følgje forbundet utgjer samlinga toppen av Norges Fotballforbunds (NFF) si landslagsskule, som arbeider for å danne Norges fremtidige landslag.

– Det er veldig gjevande å spele fotball mot mange av landets beste fotballspelarar. Så langt har eg lært masse som eg kan ta med meg heim og terpe på, seier Karoline Flo.

– Norsk fotball treng å utvikle eit endå betre offensivt spel og dette er noko av det jentene lærer mykje om på Landslagsskolen og talentleirem. Eg er veldig imponert over nivået som talenta frå Sogn og Fjordane har vist dei siste dagane ønskjer lukke til vidare med utviklingen, seier Ada Hegerberg i pressemeldinga frå fotballforbundet.

Ada og Andrine Hegerberg har sjølve gått gradene innanfor NFF sin landslagsmodell og har til saman 198 kampar for aldersbestemte landslag og A- landslaget.

– For å bli god må du ha ein sterk indre glød og ei vilje til å trene mykje over lenger tid. Det å få lov til å vere med på Landslagsskolen og ein leir som denne i Stavanger er veldig motiverande og kan få unge spelarar til å yte endå litt mer, sier søstrene Hegerberg.