Sogndal 2 ligg på tredjeplass etter ni serierundar. Heime på Fosshaugane Campus har kvit-trøyene gjort reint bord, med fem strake sigrar og imponerande 34–1 i målforskjell. På bortebane derimot, har dei framleis til gode å ta poeng.

Johann Sigurdsson sitt lag kan med andre ord vente seg tøff motstand, og kampen vil vere ein god test for Stryn som no står med to strake uavgjort.

Innsats

Trenar Sigurdsson var skuffa etter uavgjort 4–4 mot Førde 2 heime på eige kunstgras sist. Det som skuffa han mest var at spelarane såg ut til å tru at dei kunne vinne utan å ta i. Utan hard jobbing og topp innstilling vart sjølv eit botnlag som Førde 2 ei hard nøtt for Stryn. Sigurdsson vil nok krevje «full skjerpings» frå start mot Sogndal sitt andrelag.

Før denne serierunden toppar Stryn Kretsligaen med 23 poeng, med Vik på andreplass poenget bak. Etter kampen mot Sogndal 2 står det att ein kamp for Stryn før ferien, heime mot Årdal neste fredag.

Oppgjeret i Sogndal kan du sjå på Radio Stryn si nettside (om du har problem å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).