Tor Greidung var med å stifta Indre Nordfjord Turlag (INT) i mai 1977, og turen frå Vetledalssetra til Sota var sommarens høgdepunkt for Tor.

Han var patentførar som faren Rasmus Greidung. Dei første åra i turlagsregi gjekk denne turen over Vesledalsbreen, forbi Klubben ( 1608 m.o.h) , og vidare ned Ausdalsbreen, langs med Styggevatnet og overnatting på Styggevasshytta. Dette var før oppdemninga av Styggevatnet.

Vidare gjekk ein over Handspika og ned Surtbyttdalen til Mysubyttsetra og stien derifrå til Sota. Ein lengre tur enn i dag der vi går ned Sygneskarsbreen til Kupvatnet og ned dalen til Slæom. Frå Slæom fylgjer ein Mysubyttdalen nedover til Mysubyttsetra, og grusvegen derifrå til Sota, men ein kan også fylgje den gamle stien som er merka. DNT – hytta(ene) Slæom vart bygt i 1987 med 20 sengeplassar til saman i hovudhytta og sikringshytta.

Dårlege vermeldingar kunne ført til avlysing av turen, men heldigvis bestemte vi oss for å gå. Noko vi ikkje angrar på i ettertid. 20 turglade starta frå Erdalen i Oppstryn fredag ettermiddag med traktorskyss frå Erdalen til parkeringsplassen Loppeset, der stien mot Erdalssetra og Vetledalssetra startar. Det vart ein kort kveldstur fredag innover i dalen til overnatting i INT – hytta i Vetledalen, nokon på Erdalssetra og nokon i telt.

Vi vakna til strålande ver laurdag morgon, så det var ikkje vanskeleg å ta fatt på ein lang, slitsom og spennande tur tidleg om morgonen. Med grønne lier, snø i fjella, brusande fossar og sol fekk vi ein fin tur oppover mot brekanten. Tøffaste del av turen er starten opp mot breen som er ca. 800 høgdemeter oppover i ulendt terreng og litt kliving langs med fossane for å kome seg opp. Ein spektaktulær dal og mange flotte fotomotiv.

Etter ein lengre pause før innbinding i tau og klar for breturen, kom dessverre skodda og regnet sigande. Dermed vart ikkje den praktfulle delen med å gå over breen, heilt slik som den kan vere.

Det var ingenting å sjå før vi kom over breen og starta nedstigninga ut av skodda mot Kupvatnet og ned dalen mot Slæom. Her vart det rett koseleg med felles middag etter ein lang dag med 12 timars tur. Varmen i hytta og turre klær gjorde susen.

Søndag vart reine koseturen ned til Mysubyttseter og vidare til Sota i fint ver, storslagen natur, villrein som kom mot oss, og godt mottatt av vertskapet på Sota. Der hadde vi det fint til bussen kom å frakta oss tilbake til Stryn.

Takk for turen. Ein triveleg gjeng å ha med på tur.