Landsorganisasjonen i Norge (LO) er landets største lønstakarorganisasjon med over 900.000 medlemmer i totalt 26 fagforbund.

No ønskjer LO sitt nye styre for Indre Nordfjord å bli meir synlege lokalt. Standen laurdag var eit ledd i dette arbeidet, og leiar i LO i Indre Nordfjord, Anders Hamre Sveen, seier dei kjem til å vere ute på stand både i Stryn og Hornindal fleire gongar i framtida.

- Det viktigaste for oss vil alltid vere å få flest mogleg fagorganiserte. Men vi har også fokus på politikk og val, seier Hamre Sveen.

- Det er like viktig å profilere LO og vere synlege for både medlemmar og potensielle medlemmar her lokalt, som at LO er synleg i riksmedia, seier Erling Sæterlid, nestleiar i LO i Indre Nordfjord