Trass i scoring frå Mads Wie må raudtrøyene reise heim frå saftbygda utan poeng måndag kveld. Det er ein skuffa Stryn-trenar i telefonen etter 2- 1 tapet mot Sogndal 2 på Fosshaugane Campus.

- Vi gjennomfører ein veldig god kamp, ligg godt defensivt og har godt med sjansar. Det siste kvarteret eig vi, så vi er skuffa no, seier Johann Sigurdsson som ikkje legg skjul på at dei kjenner seg snytt for eit poeng.

- Dei fekk ei straffe som etter vårt syn ikkje er det. Men men, vi får berre løfte hovudet og sjå fram til neste kamp, seier Sigurdsson.

Døm sjølv i opptak av situasjonen etter 1 time og 25 minutt.

Neste kamp er heime i Stryn mot Årdal allereie komande fredag, som er siste kamp før ferien.