Denne fjellovergangen, på 860 høgdemeter har blitt brukt som ferdsleåre i mange hundre år. I tida før siste verdskrig var det fast tradisjon at nordfjordingar og sunnmøringar møttest til årleg stemne på Kviven.

Kvart år, den siste helga i August, vandra folk frå begge sider opp på Kviven for å treffe kjentfolk dei elles ikkje såg så mykje til. Men ettersom det vart betre kommunikasjon, så tok denne tradisjonen gradvis slutt.

Det var ikkje før i 1984 denne tradisjonen vart sett i gong igjen. Denne gongen av ungdomslaga i Austefjorden og Hornindal. I år er det 18 år sidan sist stemne vart arrangert og mykje har endra seg sidan då.

Frå å vere nokon få som gjekk over Kviven kvart år, er det no over tusen bilar som køyrer gjennom Kviven kvar dag.

«Fagert er landet»

Men skal eit så hyggeleg og sosialt arrangement bli historie? Det håpar ikkje initiativtakar og arrangør for årets Kvivsstemne Kåre R. Haugen.

Til årets Kvivsstemne presenterte han eit nøye planlagt program med mange gode innslag. 70 vandreglade menneske kom frå alle kantar og samlast på Kviven.

Det var Hornindal songlag som opna det heile med songane «Fagert er landet» og «Rolandskvadet».

Kristian og Kristoffer Haugen fortsette med ei Glittertind-tolking av songen «Kvilelaus» med Kristoffer som vokalist og Kristian som gitarist. Dei bidrog også med låta «Vidda» av Ole Edvard Antonsen, denne gongen med Kristoffer på trompet.

Emosjonelt

Siste innslag før pausen var eit kåseri ved Paul O. Tomasgard. Han fortalde om ferdsla over Kviven gjennom åra, og tidlegare Kvivsstemne. Etter ein sosial pause var det premiering på 13 tilfeldig trekte startkort. Hornindal songlag avslutta det heile med «Nordfjordsongen». Dette var også siste gong Elena Kadlas dirigerte songlaget i Hornindal. Det var ei emosjonell og fin avslutning på Kvivsstemnet.

– Eg fekk inntrykk av at folk var veldig fornøgde og eg har fått mange gode tilbakemeldingar, fortel Kåre R. Haugen. Med det seier han seg godt fornøgd med årets Kvivsstemne, som gjekk føre seg i overraskande fint vêr. No er spørsmålet, kor lenge blir det til neste gong?