Torstein Tvinnereim har skrive spelet «Kattar». Han skreiv siste replikken kvelden før det skulle brukast.

– Eg måtte vite kor mange som hadde meldt seg på til scenekunst. Men ideen til spelet fekk eg under kulturskuleavslutninga. Då framførte to flinke jenter «kattearien». Den må eg flette inn i eit spel der alle slags kattar, små og store, gatekattar og jålekattar skal prøve å ikkje bli fanga av kattefangarane, tenkte eg. At dei først skal vere slemme og så bli greie med kvarandre og framføre showet «Katt noir» med song og dans, var grunntanken.

Men aller viktigast var det for meg å la borna synest det var kjekt. Dei skal trivast med teater ei veke, og det skal vere replikkar til alle. Ingen skal gå og vente lenge før dei skal seie eller gjere eitkvart. Difor har vi delt inn i grupper der lesing og læring av replikkar har gått utan venting, sa forfattaren etter framsyninga. Han var svært nøgd med innsats og resultat.

Flott resultat

Publikum fekk eit halv-times show av born frå sju til fjorten år. Kattar og myser hadde fått dei nødvendige «bartane» og øyrene, romper mangla heller ikkje. Sjefskatten, pus med støvlane, Malin Guddal Flo og veslepus med cherrox, Karoline Almskår, hadde gode samanbindande roller.

Kattefangarane gav til slutt opp, dei klarte ikkje fange ein einaste katt. Replikken «som kattefangarar gjer vi eit «kattastrofalt» dårleg kattefangararbeid», var den replikken som fekk fram humringa som forfattaren rekna med.

Medhjelparar

Med seg under scenekunstveka har han hatt sonen Trym, Andrea Vinsrygg Steen og Kristin Flo Kandal. Dansegruppa har Martine Vassbotn Evebø og Helene Reed Hopland teke seg av.

Synnøve Hjelmeseter Oppedal har også hjelpt til, og sikker hand om spakane til lyd og lys har Leidulf Skår hatt.

Stor takk

Evy Rossetvik har saman med John Os vore aktivitetsansvarlege under aktiv-veka.

– Eg er storleg imponert over det vi har sett, sa Rossetvik då ho takka instruktørane og deltakarane for innsatsen.