Omsetjinga auka frå 245 til 252 millionar kroner.

– Årsaka til minusresultat er først og fremst dyr valuta. Klesbransjen slit med kostbare innkjøp på grunn av stor auke særleg for dollarkursen, men og for euro, seier Jan Egil Flo, administrerande direktør i Moods of Norway.

– Frå gullåra våre i 2011/12 då dollaren kosta om lag 5,5 kroner, er dollaren no nær 8,50. Det er meir enn 50 prosent auke. Få 2015 til 2016 gjekk dollaren opp frå 7,50 til om lag 8,50 kroner, seier Flo. Som legg til at Moods sine innkjøp fordeler seg med om lag 70 prosent i dollar og 30 prosent i euro.

– Vi klarer ikkje ta inn auka valutakostnader i auka prisar. Prisene for klede i Norge har stort sett stått stille dei siste fire-fem åra. Dermed må vi som andre omstrukturere drifta.

Moods starta sin omstrukturering i juli 2014, og har sidan den gong lagt ned to butikkar i USA og fire i Norge. I tillegg er sommarbutikkane i Geiranger og Olden lagt ned.

– Vi har i sum redusert tal årsverk frå 174 til 120, og meiner vi førebels er ferdig med nedbemanning, opplyser Flo.

– Er på rett veg

– Kva med 2017, klarer Moods å snu til overskot i år?

– Vi la eit budsjett på balanse, men trur det blir eit minus. Vi held på med å hente ut effektane av fusjonen med Brandstad og av omstruktureringane elles, og er på rett veg, seier Flo.

Moods of Norway har i dag 20 reine Moods-forretningar som sel berre Moods-klede. I tillegg kjem 21 Brandstad-forretningar som sel mykje Moods i tillegg til andre merke, såkalla multi brand-butikar.

Dagens Næringsliv skriv at Varner Gruppen som kjøpte seg inn med ein eigardel på 25 prosent i Moods of Norway i fjor, har skrive ned verdien på investeringa med 50 prosent.

– Eg har ingen annan kommentar til det enn at Varner gjekk inn med 20 mill kroner, og at dei i rekneskapen sin har skrive ned denne verdien til 10 millionar. Det kan dei gjere ut frå rekneskapsmessige forsiktigheitsprinsipp, seier Flo.

Marius Varner, sjef for Varner-gruppen, seier dette til Dagens Næringsliv: «Moods of Norway er inne i ei spennende utvikling og snuoperasjon, og vi har fortsatt tro på selskapet og konseptet framover. Ut fra et forsiktighetsprinsipp i våre regnskaper, så valgte vi likevel å gjøre en nedskriving, basert på Moods økonomiske situasjon ved årsskiftet.»