Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) med leiar Noralv Distad i spissen ønskjer no forslag til kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017.

– Arbeid med trafikktrygging kan skje på så mange ulike måtar. Det kan vere å trygge vegane våre, drive haldningsarbeid og opplæring og leggje til rette for mjuke trafikantar, seier leiar for FTU, Noralv Distad.

Noralv Distad Foto: Ekstern

Prisen er på 25.000 kroner og kan gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for å gjere trafikken i Sogn og Fjordane tryggare.

I fjor gjekk prisen til Anna og Helge Brakstad, for innsatsen for mjuke trafikantar langs fv 57 i Gulen. Andre prisvinnarar dei siste åra har m.a. vore Markane IL for rulleskianlegg.

Noralv Distad. Foto: Ekstern