Nesten kvar femte nordmann skal på campingferie i Norge i sommar og det skal vere over 1050 campingplassar å velje mellom.

- I Norge har alle eit forhold til camping. Nokre omtalar camping som «harry» medan andre elsker det og drar på campingferie kvart år. Med kåringa "Min campingfavoritt" ønskjer vi å fremje dei lokale verksemdene bak campingplassane og å finne og heidre heile Norges campingfavoritt, seier Erik Neergaard, markadssjef i Gule Sider i ei pressemelding.

I følgje pressemeldinga var det meir enn 20 000 stemmer på dette i 2016.

Les også: Camping er det store i år

- Dette er tredje året på rad at Gule Sider kårer Norges campingfavoritt. I fjor vart 632 campingplassar nominert og meir enn 20 000 stemmer avgitt. Tittelen som Norges Campingfavoritt var det Dokka Camping som stakk av med, heiter det av meldinga som fortel at ein stemmer på www.mincampingfavoritt.no og der kan ein stemme fram til 11. august.