– Dei som har laga kriteria for naudnett i tunnelar, kjenner for dårleg til Vestlandet med dei mange og lange tunnelane våre, seier ho til Sogn Avis.

Ifylgje avisa er det eit krav at alle nye tunnelar over 500 meter med ein årsdøgntrafikk på 4.000 bilar, skal ha naudnett. Fylkesordføraren meiner derimot dette kravet passar dårleg med tilhøva på Vestlandet.

– Problemet for oss er at vi ikkje har tunnelar med ein årsdøgntrafikk på over 4.000. Men vi har svært mange tunnelar over 500 meter, seier Følling.

Til saman har fylket 109 tunnelar å ta vare på, men berre 55 av desse er omfatta av tryggleiksforskriftene.

Fylkesordføraren meiner det bør vera eigne krav som tek omsyn til lengda på tunnelane. Ho meiner også at staten bør ha ansvar for å finansiera naudnett i lange tunnelar.

Ifylgje Følling har fylkeskommunen teke dette opp med kommunaldepartementet fleire gonger utan at noko har skjedd.