Desse finske turistane har budd på camping i Innvik, Oldedalen og Lodalen. Dei er fulle av lovord om både området og standarden på campingplassane.

- Vi elskar verkeleg å vere her, seier Sini Kianto. Naturen er vakker, breen er så nær og her er aktivitetar for både born og vaksne.

Dei set særleg pris på at campingplassane har eit godt aktivitetstilbod som dei kan nytte seg av.

Les også: - Det er aktørane som skapar innhaldet!

- I går tok vi ein tur ut på vatnet med kanoane, også sat vi ved bålområdet på kvelden. Det var nydeleg, fortel dei.

Dei trekk også fram hyggeleg vertskap og reine fasilitetar som viktige grunnar for at dei trivast så godt.

- Det er andre gongen familien min er her. Vi likte oss så godt i fjor at vi tok med nokre venner i år, seier Sini Kianto. Det er ei lang reise, men det er absolutt verdt det når her er så flott. Vi kjem tilbake neste år!