Feltet det er snakk om er altså Tonningskamben. Det aktuelle feltet, som i dag består av skog, er på 110 dekar.

Plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal, anslår at det kan bli plass til om lag 80 bustadtomter på dette området. Feltet er tenkt primært for einebustader.

– Vi trur dette vil bli eit veldig populært område å busette seg i. Det burde vere attraktive tomter med god utsikt og gode solforhold, tett ved sentrum. Det er og blant dei tryggeste områda vi har i Stryn med tanke på skred og flaum, seier Dvergsdal.

Det har lenge vore mangel på bustadtomter i Stryn sentrum, så det er store behov for nye bustadfelt, meiner Dvergsdal som peikar på ei oppløftande folketalsutvikling i Stryn som pr. 1. januar i år hadde 7.218 innbyggjarar.

– Etter SSB (Statistisk sentralbyrå) sine forventa framskrivingar av folketal, vil Stryn kommune ha 8.100 innbyggjarar i 2035. Det er dette området vi manglar i Stryn, seier Dvergsdal.

Stryn kommune skal i møte med grunneigar av dette området alt i sommar. Dvergsdal vil ikkje forskottere utfallet av møtet, men seier at om området blir avklart til bustadtomter i kommunal regi så vil kommunen prioritere dette området og fortgang i opparbeiding av feltet.