Pluscamp Sande camping i Loen
(Foto: NHO Reiseliv)

Pluscamp Sande camping i Loen Foto: NHO Reiseliv

Stor pågang av camping i Loen

Juli er den store campingmånaden i Norge. Det merkast på PlusCamp Sande Camping i Loen.

Pressemelding frå NHO Reiseliv

Sommar er høgsesong for campingbedriftene, og juli utmerker seg som den travlaste månaden. Av nesten 7,5 millionar campingovernattinger i Norge i fjor fant 34 prosent stad i juli månad, opplyser NHO Reiseliv.

PlusCamp Sande Camping i Loen er ein av mange campingbedrifter som opplever stor pågang i sommar.

– Vi er helt fullbooka på hytter og leilegheiter i juli og august, og vi mottar mange meldingar frå folk som ønsker å bestille plass for telt, vogn og bubil. Det er mange gjester både på campingplassen og i området generelt, fortel dagleg leder Turid Sande Beinnes.

– I tillegg til at camping er meir «i tida», så har vi også fått ein ny attraksjon i Loen Skylift, som gjer at mange turistar kjem hit. Så vi har tru på at 2017 blir nok eit fantastisk godt campingår, seier Sande Beinnes.


15 prosent på camping i sommar

Nordmenn er det største kundegruppa for norske campingbedrifter. 15 prosent har planter om å overnatte på ein campingplass i Norge denne sommaren. Det viser ein spørreundersøkelse som Norstat har gjennomført blant 1000 nordmenn på oppdrag for Norsk Turistutvikling.

– Campingplassane i Norge har de siste årene utvikla seg mykje på kvalitet og opplevingar. Det har igjen gitt fleire gjester og fleire døgn på plassane. Frå 2015 til 2016 hadde vi ein overnattingsvekst på over 5 prosent, opplyser avdelingsleiar Jan-Henrik Larsen i campingavdelingen i NHO Reiseliv.


Gjester frå store deler av verda

PlusCamp Sande Camping i Loen opplever gjesteauke frå fleire marknader.

– Så langt har vi fleire nordmenn enn i fjor. Elles har vi gjester frå store deler av verda. På hyttene har vi gjester frå ein del «nye» nasjonar i Østen, fleire frå Spania og også ein stor auking i amerikanske gjester. Det kan ha samanheng med at vi er på Booking.com i år. Som alltid er det også ein del gjester frå både Tyskland og Nederland på hytter og camping, fortel Turid Sande Beinnes.


Må kunne bestille «online»

Ho er klar på kva som må til for å lokke enda fleire til campingplassane.

– Gode aktivitetstilbod i nærområdet, for eksempel gjennom samarbeid med aktivitetsselskaper. Campingbedriftene må også fortsette å forbetre moglegheita til å bestille «online» og vere aktive på sosiale medium som Facebook og Instagram for å vise at det skjer positive ting på campingplassen og i nærområdet. Vi må rett og slett gjere oss meir attraktive, interessante og salbare for gjesten, seier ho.


I år har campingbedrifta ved Lovatnet pussa opp fleire hytter, laga fleire oppstillingsplassar for bubil og påbegynt arbeidet med to nye familierom på sanitært. Nytt kjøkken blir ferdig neste år. Frå januar til mai i år er det registrert 76 554 campingovernattinger i fylket. Det er 1 625 fleire enn i same periode i fjor og ein auking på to prosent.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

SSF har vore bankforbindelsen sidan oppstarten:

- Aldri vinnarar i ein konkurs

Sven Flo:

- Veldig, veldig trist

- Moods har vore eit fyrtårn i Stryn og ein viktig del av livene våre, seier stryneordføraren

Moods-gründer Simen Staalnacke til Fjordingen:

- Eksepsjonelt trist

- Dette med arbeidsplassane er veldig vondt.

Moods-konkursen:

- Trur merkevara er så sterk at der er mulegheiter

Direktøren for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane trur ikkje Moods-merkevara forsvinn.

SSF har vore bankforbindelsen sidan oppstarten:

- Aldri vinnarar i ein konkurs

Moods-gründer Simen Staalnacke til Fjordingen:

- Eksepsjonelt trist

- Dette med arbeidsplassane er veldig vondt.

Sven Flo:

- Veldig, veldig trist

- Moods har vore eit fyrtårn i Stryn og ein viktig del av livene våre, seier stryneordføraren

Uavklart situasjon rundt renovasjon

Også Nordfjord er råka av konkursen til RenoNorden.

Oldenleirane

Utsette kjøpskontrakten

Ikkje avgjort kven som får tilbod om kjøp av Oldenleiarane, men tre har blitt til to.