Europeiske Reiseforsikring har allereie fått innmeldt eit stort spenn av skadesaker frå nordmenn på ferie i utlandet.

– Det går i eitt her hos oss. Mange alvorlege skadar skjer naturleg nok om sommaren når ein stor del av Norges befolkning er utanfor landets grenser, seier Emma Elisabeth Vennesland, ass. informasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring, i ei pressemelding.

Selskapet får melding om alt frå solstikk og høgdesjuke til hjarteproblem, men flest meldingar om fallskadar, infeksjonssjukdommar og gastroenteritt (mage- og tarmkatarr).

- I siste veka av juni registrerte Europeiske ein auke i alarmsaker,det vil seie alvorlege sjuke- og ulukkesaker: 99 saker fra 33forskjellige land, frå Ecuador, Kina, Canada og Japan, men flest fra Spania, Hellas og USA. Mestinfeksjonssjukdommar og ulukkesskadar, der utfallet er alt frabroten tå til lårhalsbrot, seier Vennesland.

Forsikringsselskapet gjev desse råda mot mage- og tarminfeksjonar i ferien:

* Hugs at maten du et skal vere kokt, steikt eller skrelt

* Unngå å ete mat frå buffet viss du ikkje er heilt sikker på at maten er riktig oppbevart. Maten kan gjerne vere varma opp fleire gongar, eller oppbevart i feil temperatur

*Drikk vatn frå flaske, eller ver sikker på at vatnet frå krana kan drikkast

* Hugs god handvask før alle måltid, og ikkje gløym borna