Ferieidyll: Idyll på ferie, men ferietid betyr også skadar og sjukdommar. Foto: If skadeforsikring
            (Foto: If forsikring)

Ferieidyll: Idyll på ferie, men ferietid betyr også skadar og sjukdommar. Foto: If skadeforsikringFoto: If forsikring

Høgdesjuke, solstikk, hjarteproblem og tåbrot

Europeiske Reiseforsikring har allereie fått innmeldt eit stort spenn av skadesaker frå nordmenn på ferie i utlandet.

– Det går i eitt her hos oss. Mange alvorlege skadar skjer naturleg nok om sommaren når ein stor del av Norges befolkning er utanfor landets grenser, seier Emma Elisabeth Vennesland, ass. informasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring, i ei pressemelding.

Selskapet får melding om alt frå solstikk og høgdesjuke til hjarteproblem, men flest meldingar om fallskadar, infeksjonssjukdommar og gastroenteritt (mage- og tarmkatarr).

- I siste veka av juni registrerte Europeiske ein auke i alarmsaker, det vil seie alvorlege sjuke- og ulukkesaker: 99 saker fra 33 forskjellige land, frå Ecuador, Kina, Canada og Japan, men flest fra Spania, Hellas og USA. Mest infeksjonssjukdommar og ulukkesskadar, der utfallet er alt fra broten tå til lårhalsbrot, seier Vennesland.

Forsikringsselskapet gjev desse råda mot mage- og tarminfeksjonar i ferien:

* Hugs at maten du et skal vere kokt, steikt eller skrelt

* Unngå å ete mat frå buffet viss du ikkje er heilt sikker på at maten er riktig oppbevart. Maten kan gjerne vere varma opp fleire gongar, eller oppbevart i feil temperatur

*Drikk vatn frå flaske, eller ver sikker på at vatnet frå krana kan drikkast

* Hugs god handvask før alle måltid, og ikkje gløym borna

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Ros for god utgreiing om grensejustering

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland fekk stor ros for ei god saksutgreiing då Fellesnemnda for nye Volda kommune handsama saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal torsdag.

Tilrår å avvise alle klagar

Rådmannen tilrår formannskapet å avvise klagene på tildeling av Oldenleiarne

Utbetring av dam Holevatnet

Prislapp på 19,5 millionar

Ber formannskapet om fullmakt til låneopptak