– 38 km var meir enn nok. Orda kjem frå Bjørn Skramstad Pryser (50) frå Oslo, etter å ha fullført til Hornindal bru på 13 timar og 13 minutt i gjørme, på glatte steinar og gjennom regn og skodde.

– Eg opplevde nedturen frå Gulkoppen som litt dramatisk, men det var fantastisk godt merka heile vegen, smiler mannen som sette seg eit «hårete» mål om Hornindal Rundt for to år sidan.

– Eg såg meg sjølv på eit bilde, og eg likte ikkje det eg såg, fortel den tidlegare fotball- og ishockeyspelaren, som heldt fram med å ete mykje mat sjølv om han slutta å trene.

– Badevekta viste 141 kilo. Noko måtte gjerast. Skulle eg lukkast måtte eg setje meg eit mål som i utgangspunktet var heilt urealistisk, seier Oslo- mannen som har sitt daglege arbeid i skuleverket. Han har Otterdal som ferieparadis saman med gode vener, og skulle han først finne noko som var urealistisk måtte det vere Hornindal Rundt.

I dag står badevekta på 100 jamt.

God diett

– Eg har brukt ein diett der det er to dagar med lite mat og fem med vanleg eting, fortalde han fredag før han tok ein oppvarmingstur til Otterdalssætra saman med venene som han skulle på tur med dagen etter.

Lange turar i Nordmarka har vore ein del av slankekuren. I fjor prøvde han Høgenibba for å gjere seg kjend med terrenget.

– Eg hadde heile runden som mål, men ser at det var urealistisk, seier Prysen som hadde med Lena Rantala, tidlegare handballkeeper for det danske landslaget og Larvik. Brødrene Erlend og Brage Hall var også med. Dei slektar frå Laura på Navelsaker Hotel, og leiger hus i Otterdal saman med foreldra. Erlend fullførde heile runden, men dei andre var glade for å kunne skifte til tørt ved Hornindal bru.

– Stopp ved Horndøla bru var nok ei fornuftig avgjerd, sannar han og vonar at neste turen blir i sol og varme. I mellomtida er det ti kilo til som skal bort, og han har alt vist at han er mann for å gjennomføre dei mål han har sett seg.

Søndag var han i god form, litt støl i beina, men ikkje verre enn at det vart fisketur på Hornindalsvatnet. Der er det godt bit om dagen.

Ein sliten Bjørn Pryser fann ut at halve løpet var meir enn nok. Her ved Horndøla bru saman med tidlegare keeperlegende på det danske landslaget i handball, Lene Rantala. Foto: Privat