To personar er køyrde til legesjekk etter å ha blitt påkjørt av ein lastebil nokre få meter frå fotgjengarfeltet ved cruisekaia i Olden i føremiddag.

Politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor fortel at dei ikkje fekk alvorlige skadar.

-Lastebilen hadde stoppa for ei gruppe fotgjengarar som skulle over vegen. Sjåføren trudde alle hadde kome over, og såg ikkje at to personar gjekk inn i blindsona framfor bilen. Han begynte å køyre, og dei to havna under lastebilen. Den eine av dei fikk skrubbsår, men det er ikkje snakk om alvorlige skadar, seier Krossen.