–Det følest som eit slag under beltestaden at eit så godt vurdert tiltak, som vil legge til rette for at folk kan bruke nasjonalparken, ikkje kjem gjennom, seier Sven Flo til Fjordingen.

– Førevar-prinsippet går ut på at det kan skje noko, og ikkje fakta. Eg meiner at det ikkje bør vere hovudargumentet for å nekte hyttebygginga. Vi blir overprøvd av eit direktorat med ei lite pragmatisk tilnærming til saka. Det synest eg er svært trist for alle som ville hatt nytte av hytta, seier han.

– Det låg klare  avgrensingar for kor mykje folk som kunne bruke hytta, det var berre tolv sengeplassar, seier Flo.

Les meir om avslaget frå miljødirektoratet

Særinteresser stoppa hytta

– Det at ein gjeng med mindre særinteressegrupper skal velte eit så flott tiltak, syntest eg er veldig trist, seier ordføraren.

– Sjølv om vi ikkje kan klage på vedtaket, så vurderer eg å snakke med departementet, og sjå om det er moglegheit for å ta opp att saka, seier han.