Likte utsikta: Dagens gjest, Sven Flo, likte godt det han såg frå Flo skue. Høyr han fortelje om oppvekst i Oslo, karriera i forsvaret, bondedraumen og spesialiteten bollekake.

Likte utsikta: Dagens gjest, Sven Flo, likte godt det han såg frå Flo skue. Høyr han fortelje om oppvekst i Oslo, karriera i forsvaret, bondedraumen og spesialiteten bollekake.

Ny episode i podcast-serien Fjordingen på Flo skue:

-Hadde lyst til å bli bonde

I denne femte episoden av Fjordingen på Flo skue har journalist Roy Aron Myklebust klart å lokke med seg sjølvaste ordføraren i Stryn, Sven Flo, til utkikspunktet. Han fortel om oppvekst i Oslo med den frykta Tveita-gjengen rett rundt hjørnet, om draumen om å ein gong bli bonde, om karriera i forsvaret og interessa for baking.

Flo er inne i sitt 6. år som ordførar i Stryn. Korleis enda han opp i denne jobben eigentleg? Er han i slekt med fotballspelarane med same etternamn? Svara får du kanskje i denne podcast-episoden!

NB! Vi beklagar at deler av intervjuet er prega av sterk vind denne dagen.


 
Meir å lese på Fjordingen:

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Ros for god utgreiing om grensejustering

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland fekk stor ros for ei god saksutgreiing då Fellesnemnda for nye Volda kommune handsama saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal torsdag.

Tilrår å avvise alle klagar

Rådmannen tilrår formannskapet å avvise klagene på tildeling av Oldenleiarne