Knut Birger Gustavsen (55) frå Sandane, busett i Stryn, omkom etter ei utforkøyring vest for Billingen i Skjåk natt til torsdag.

Det melder Firda Tidend si nettutgåve. Politiet i Innlandet har frigitt namnet på den omkomne i samråd med pårørande. Utforkøyringa skjedde på riksveg 15 vest for Billingen i Skjåk, på veg oppover mot Strynefjellet. Den omkomne var sjåføren av ein semitrailer som køyrde utfor vegen.

Ei ung jente var passasjer i semitraileren. Ho vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, men Helse Førde melde torsdag at jenta var uskadd.

Straffesaksansvarleg Tor Trønnes ved Lom lensmannskontor seier til NRK Sogn og Fjordane at både politiet og Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe har gjort undersøkingar på staden. Fartskrivaren i køyretøyet vart øydelagt i samanstøyten. Saka er under etterforsking.

Semitraileren var på veg vestover då den trefte med førarhytta inn i eit stort tre på venstre side av vegen. Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i ulukka, og ingen var vitne til hendinga, melder Politiet i Innlandet.