Utfor vegen: Semitraileren hamna utfor vegen vest for Billingen i Skjåk, på veg oppover mot Strynefjellet natt til torsdag.
(Foto: Lom og Skjåk brannvesen )

Utfor vegen: Semitraileren hamna utfor vegen vest for Billingen i Skjåk, på veg oppover mot Strynefjellet natt til torsdag. Foto: Lom og Skjåk brannvesen

Har frigitt namnet etter dødsulukke

Knut Birger Gustavsen (55) frå Sandane, busett i Stryn, omkom etter ei utforkøyring vest for Billingen i Skjåk natt til torsdag.

Det melder Firda Tidend si nettutgåve. Politiet i Innlandet har frigitt namnet på den omkomne i samråd med pårørande. Utforkøyringa skjedde på riksveg 15 vest for Billingen i Skjåk, på veg oppover mot Strynefjellet. Den omkomne var sjåføren av ein semitrailer som køyrde utfor vegen.

Ei ung jente var passasjer i semitraileren. Ho vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, men Helse Førde melde torsdag at jenta var uskadd.

Straffesaksansvarleg Tor Trønnes ved Lom lensmannskontor seier til NRK Sogn og Fjordane at både politiet og Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe har gjort undersøkingar på staden. Fartskrivaren i køyretøyet vart øydelagt i samanstøyten. Saka er under etterforsking.


Semitraileren var på veg vestover då den trefte med førarhytta inn i eit stort tre på venstre side av vegen. Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i ulukka, og ingen var vitne til hendinga, melder Politiet i Innlandet.

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

SSF har vore bankforbindelsen sidan oppstarten:

- Aldri vinnarar i ein konkurs

Sven Flo:

- Veldig, veldig trist

- Moods har vore eit fyrtårn i Stryn og ein viktig del av livene våre, seier stryneordføraren

Moods-gründer Simen Staalnacke til Fjordingen:

- Eksepsjonelt trist

- Dette med arbeidsplassane er veldig vondt.

Moods-konkursen:

- Trur merkevara er så sterk at der er mulegheiter

Direktøren for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane trur ikkje Moods-merkevara forsvinn.

SSF har vore bankforbindelsen sidan oppstarten:

- Aldri vinnarar i ein konkurs

Moods-gründer Simen Staalnacke til Fjordingen:

- Eksepsjonelt trist

- Dette med arbeidsplassane er veldig vondt.

Sven Flo:

- Veldig, veldig trist

- Moods har vore eit fyrtårn i Stryn og ein viktig del av livene våre, seier stryneordføraren

Uavklart situasjon rundt renovasjon

Også Nordfjord er råka av konkursen til RenoNorden.

Oldenleirane

Utsette kjøpskontrakten

Ikkje avgjort kven som får tilbod om kjøp av Oldenleiarane, men tre har blitt til to.