Kjende artistar til stor countryhelg

Denne helga står artistar i kø for å spele på Norsk Countrytreff på Breim for 23. gong.

Kjem: Noel (bildet) og Ben Haggard kjem til Norsk Countrytreff på Breim denne helga.   Foto: Presse

Nyhende

I tida 12. til 16. juli er det på nytt klart for den 23. utgåva av Norsk Countrytreff på Breim.

Festivalen opna torsdag 13. juli med bluegraskonsert på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Fredag er det lagt til rette for borna med countrytreff i Trivselshagen på Sandane. Der vert det både linedancekurs, mat og køyring med hest og vogn.

Fredag og laurdag er scenene på hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard på Breim spekka med artistar. Dit kjem til dømes Lucky Lips, Staut, Ben & Noel Haggard, Sam Outlaw, Darling West og Vassendgutane. Artistane representerer eit breitt spekter av sjangrar innan countrymusikken, og med konsertar rundt om i heile Gloppen kommune for alle aldrar, får både store og små ein sjanse til å få ein smakebit av det country har å by på.

Norsk Countrytreff har fleire festivalcampar som ligg i tilknyting til hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard på Breim, melder arrangørane.