Sjølv om sensitive opplysningar gjerne vert sende i papirform, vel dei fleste av oss å la postkassa vere ulåst. (Foto: NPK)

Sjølv om sensitive opplysningar gjerne vert sende i papirform, vel dei fleste av oss å la postkassa vere ulåst. Foto: NPK

- Lås postkassene for å hindre ID-tjuveri

Rundt 75 prosent av postkassene her i landet er i dag ulåste. No vert folk oppfordra til å ta grep.

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) meiner folk bør sikre seg betre mot ID-tjuveri.

– Vi gjer oss meir sårbare om vi ikkje låser postkassa, seier seniorrådgjevar i NorSIS Hans Marius Tessem till NRK. Han poengterer at det er ei vurdering kor mykje jobb det er å låse postkassa, kontra det å vere trygg sånn at ein unngår å bli utsett for ID-tjuveri.

– Det vi ser er at den som blir offer for ID-tjuveri får veldig mykje plunder og heft, så det kan vere ei god løysing å låse postkassa si.

Over 100.000 nordmenn opplever forsøk på svindel og ID-tjuveri. Både pass, bankkonto og pinkodar vert leverte til oss i postkassa vår og er lett å forsyne seg av for den som måtte ønskje det.

– Det er ein god grunn til å låse postkassene sine fordi det er gjerne der ein potensiell ID-tjuv vil gå for å hente den informasjonen han vil ha tak i, seier Tessem.

Ifølgje Posten Noreg finst det ikkje noko tal på kor mange postkasser som har lås eller ikkje, men dei antar at 75 prosent er ulåste.

(NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Nye framsyningar av utandørs-musikalen Årringar

– Nye grep, men gjenkjenneleg

Andre helga i august kan ein på nytt oppleve musikalen Årringar ved Sagedammen. Stykket er i all hovudsak det same, likeins aktørane som er med, men nye grep frå regissør og koreograf vil likevel gi kjensla av nytt for dei som har sett det før.

Satsar meir på utstilling og botanisk hage

Med både ny dagleg leiar og salgs- og marknadssjef, så er det spennande ting på gang ved nasjonalparksenteret.

Hornindal og Markane skyttarlag

Følg olsokstemne

Olsokstemnet i skyting strekkjer seg over sju dagar, og det innmeldt over 200 skyttar frå alle kantar av landet.