Meir enn 20.000 personar har besøkt Malakoff rockefestival dei siste åra.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal trur besøkstalet vert rekordhøgt i år. Ei veke før opning var det seld like mykje billettar som då salet stoppa i fjor.

– Vi er spente, men føler at vi har kontroll, seier Naustdal.

Mange høgdepunkt

Administrasjonssjef Gunn Guddal frydar seg over å presentere det ho beskriv som eit eineståande flott program. Sjølvsagt må Guddal svare på kva ho meiner er høgdepunkt.

–Vilde og Anna, kjem det kontant. Ho seier Malakoff-plattformer skal leggje ut tekst til songen ”Vestlandet” som tok duoen til topps i MGP jr. 2016. Dermed kan folk syngje med og lage god allsongstemning.

Festivalen byr på fleire flotte utøvarar og førebilete frå nærområdet, mellom anna Elida Høgalmen frå Oldedalen. Guddal fortel at mange ynskjer plass på Jyplingscena der unge og ukjende får syne seg fram. Både Alex Grey og Georg Lipai har tidlegare stått på denne scena. Guddal kallar festivalen eit regionalt samfunnsprosjekt.

Vikingar

Eit anna høgdepunkt er bandet som har teke norsk og norrøn kulturarv til store høgder. Warduna skal fredag kveld servere publikum ei sjeldan oppleving.

– Warduna er vikingane som kjem og koplar Sagastad til vestlandsbygda og tidlegare vikingsete. Vi har stort fokus på vikingar for tida, og difor er det ekstra stas at dette bandet kjem. Elevar frå vidaregåande skule har laga vikingskjold som skal framheve vikingstemninga denne kvelden. Og det vert heilgrilla lam som publikum får ein smakebit av, fortel administrasjonssjefen som meiner konserten vert ei storslått oppleving.

– Personleg ser eg også fram til å oppleve Ane Brun, seier Guddal men framhevar at programmet inneheld noko for alle og at høgdepunkt eigentleg står i kø desse tre festivaldagane.

Full camp

Festival-campen er fulltinga. Det er i år plass til 1.000 telt og 5.000 ungdomar skal inn på campen. Med tusenvis av unge besøkjande, har festivalleiinga stort fokus på tryggleik. Både under konsertane og etter at festivalområdet har stengt.

– Vi har ”trygt-heim-bussane” der alle kjem seg heim for ein hundrelapp, fortel Gunn Guddal. Bussane går frå Eid etter siste konsert og til alle kantar av Sogn og Fjordane, og også til Volda og Ørsta.

Nokre dagar for det brakar laus er vaktbemanninga nær fylt opp.

– Vi manglar framleis litt folk til siste vakta laurdag. Grunnbemanninga vår er god og vi har fylt opp meir enn 90 prosent av ønskt bemanning for alle område, fortel Guddal. Ho har ynkje om at foreldre frå alle delar av Nordfjord kan ta turen og delta i vaktberedskapen som frivillig, mellom anna med tryggleik utanfor festivalområdet.

– Men vi føler at vi har ein god miks av frivillige og profesjonelle vakter. Vaktselskapet Protect har videoovervaking på festivalcampen og følgjer nøye med på skjermoversikta frå vaktsentralen. I tillegg er det politi, både uniformerte og sivilt kledde, som held oppsyn, understrekar Guddal og legg til at utan alle frivillige hadde det vore ei umulig oppgåve å arrangere festival. Leiinga er utruleg takksame for måten heile bygda og området støttar opp om Malakoff rockefestival.

– Det er positivt og ikkje sjølvsagt at folk stiller opp slik dei gjer. Eg trur suksessfaktoren for oss er at festivalen er bygd opp sakte med heile bygda involvert frå første arrangement i 2003.

mot Rekord: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal trur på publikumsrekord i år. – Vi er spente, men føler vi har kontroll, seier han. Foto: Anne- Mari Aalberg