Norsk countrytreff i Breim vart arrangert for 23. gong, og festivalsjef Arve Kleppe kan sjå tilbake på ei innhaldsrik og vellukka helg.

– Vi er utruleg godt nøgde med besøkstala og gjennomføringa. Vi har hatt fleire gjester på campingen enn tidlegare. Torsdagen vart også ein stor suksess, eg trur ikkje vi har hatt så mange innom festivalen den dagen tidlegare, seier Kleppe i ei pressemelding frå arrangøren. Med 13.200 besøkjande totalt kan han og resten av mannskapet sjå tilbake på ein av dei best besøkte festivalane gjennom tidene.

– Vi har ikkje som mål å bli noko større, men det er klart det er utruleg kjekt at så mange kjem og bidreg til ei fantastisk stemning og gode opplevingar, seier Kleppe.

Kring 700 frivillege har vore i sving med mellom anna vakthald, lage og selje mat, halde reint på området og transportere dei 20 gruppene, med totalt 130 artistar.

– Utan alle desse hadde vi ikkje fått det til å gå rundt, så vi er utruleg takknemlege for alle som stiller på. Vi har ikkje oversikt over økonomien for årets festival endå, men vi håpar vi også i år kjem ut i pluss, seier Kleppe. Publikum fekk i år oppleve mellom anna Ben & Noel Haggard, Gunslingers, Vassendgutane, Staut, Darling West og Lucky Lips.