–Ole Anton Brekke er ein pådrivar av det sjeldne. Vi føler oss utruleg godt ivaretatt med tanke på mat og lokaler, det er ein stor overgang å gå frå å gjere alt sjølv, til å komme til duk og dekka bord her i Stryn, sei Roger Holm.

Han oppdaga mikrofly under eit kurs på Hotel Alexandra i 1995.

–Interessa mi for mikrofly blei tent, når eg såg Lasse Tenden svevande mellom fjella i Loen, sei Holm.

Høg kvalitet på deltakarane

–Det har vert ein høgare terskel på inntaket i år enn tidlegare, og kandidatane har gjort ein veldig god innsats i løpet av helga, fortel Tor Berg.

Håpar på fleire stryningar i lufta

Hans Auflem var den yngste deltakaren på instruktørkurset, og meiner at området rundt Stryn er eit mekka for mikrofly. Han anbefalar folk som er nyskjerrige til å ta kontakt.

–Mikroflystripa i Stryn er på gården til besteforeldra mine, og eg hadde ingen interesse før eg blei med på min første tur som 19- åring, etter den opplevinga vart eg så begeistra for flyging, at eg stod med serfikatet i handa hausten etterpå, seier Auflem med eit smil.

Eit mekka for mikrofly

–Stryn er eit utruleg godt utgangspunkt for å drive med mikrofly. Det finst mange fine turar ein kan fly, mellom anna, innover Geirangerfjorden og til Lodalen. Så dette er noko fleire i området burde utnytte seg av, seier Auflem.

Les meir om instruktørkurset  og mikroflymiljøet i Stryn, i papiravisa på Tysdag

Hans Auflem er den yngste deltakaren på instruktørkurset Foto: Hans Ivar Moss Kolseth