Bilen til det kinesiske paret som ikkje snakkar engelsk er dekka av flagga til alle landa dei besøker på vegen.

Og lista er lang: Først gjennom kontinentet i Asia, ferje over frå Tyrkia, og så sør til Roma. Kartet viser at dei så tok turen til Portugal, og gjennom Europa. I Norge skal dei snu, og køyre vegen tilbake igjen gjennom Russland og Mongolia.

Når Fjordingen spør dei om kva dei syntest om Stryn får vi tommel opp og breie smil, frå ekteparet, som reiser i lag med ein annan bubil på turen.