På jentesida stiller klubben med lag i 14 og 15-årsklassen, medan ein på gutesida har lag i 13 og 14-årsklassen.

Om lag 1.800 lag fordelt på over 80 nasjonar deltek på den populære turneringa i Sverige.

Tidleg opp

Allereie grytidleg måndag morgon var jenter 14-laget til Stryn i aksjon mot det svenske laget Gefle 2. Trenar Are Njøten fortel om ein noko trøytt gjeng, men at laget gjorde jobben.

– Det var tidleg opp, og det var tydeleg at laget spelte med høge skuldrer. Men det kom seg etter kvart, og Stryn vann til slutt 3–0. Karoline Flo, Marie Johannsdottir og Sofie Njøten stod for måla. Keeper Camilla Breidablik hadde også nokre veldig gode redningar, fortel ein nøgd trenar.

Ukjende motstandarar

Tysdag møter 14-årslaget Scandia United frå USA, medan dei onsdag skal spele mot Viggbyholm/Erikslund frå Sverige.

15-årsjentene til Stryn spelte også sin første kamp måndag, mot svenske Lindsdals IF. Resultatet vart 1–4 til svenskane, etter at Stryn leia 1-0.

Gutar 14-laget sin kamp mot svenske IFK Osby enda med ein komfortabel 5-0 siger til Stryn, etter 4-0 til pause. Trym Hogrenning (3), Kristoffer Stranden og Samuel Plasencia-Norlie stod for scoringane i det som i følgje rapportane var ein godt gjennomført kamp av alle spelarane.

Stryn gutar 13 spelar seinare i ettermiddag sin første kamp i turneringa. Den kampen kan ein sjå via heimesida til Gothia cup.

Oppdatert: Også 13-åringane vann sin første kamp i ettermiddag. Scoringar av Håvard Ervik (2), Martin Sætre og Steinar Hauge sørga for 4-1 seier over IF Väster og ein god start på turneringa. 13-årslaget sin kamp i morgon mot tyske TuS Haltern am See blir også streama på turneringa si heimeside.

Stryn sitt gutar 14-lag etter 5-0 i første kamp. Foto: Privat