Etter at oljeprisen stupte i 2014, la klesverksemda Riccovero i Stryn planane om butikketablering i Stavanger på is. No er det nye vekstplanar, skriv Nett.no.

I fjor vart planane tatt fram på ny, og i november var den første Riccovero-butikken i Stavanger eit faktum. I september opnar Riccovero endå ein butikk. Det blir den andre klesprodusenten har i Bergen.

– Vi ønskjer ein forsiktig vekst igjen, seier dagleg leiar i Riccovero, Sverre Magne Haugen til nettavisa .

Med den nye butikken i Bergen har Riccovero åtte eigne butikkar: fire i Oslo, to i Bergen, ein i Stavanger og ein i Ålesund. I tillegg har selskapet tre utsal av salsvarer: ved hovudkontoret i Olden, i Stryn og i Vestby, søraust for Oslo.

Haugen seier det er aktuelt med fleire butikkar, først og fremst i dei større byane. Der det er lettast å unngå konflikt med det etablerte forhandlarnettet. I dag har Ricco Vero tre salskanalar, forhandlarar, eigne butikkar og nettbutikk.

I haust skal selskapet ha fått på plass ei ny nettbutikkløysing, som syr saman nettbutikken og eigne butikkar. Du kan velje om du vil bestille på nett og hente i butikk, bestille på nett og få levert heim, eller bestille i ein butikk og hente i ein annan. Målet er å kome med løysingar som skal få fleire til å handle hos Riccovero.

(©NPK)