– Veldig få veit kor stor skade aluminiumsboksar kan forårsake, seier veterinær og bonde Charlotte Haukaas frå Stryn.

– Om vi ikkje oppdagar boksane som ligg strødd på beitemarka, før vi slår graset, så vil slåmaskina kutte dei opp til små barberblad som så hamnar i foret til kua, seier bonde Reidun Brynstad frå Olden.

–Viss boksane hadde vore laga av magnetisk metall kunne vi ha redusert skaden betrakteleg, ved å legge ein magnet i magen på kua, men i dag er majoriteten av brus – og ølembalasjen laga av aluminium og plast, seier Haukaas.

Om skaden først er skjedd er det beste utfallet at ein får nødslakta kua.

Altetande og nysgjerrige

–Ei ku et ved å skyve store mengder mat inn i munnen på ein gang, og svelger det ned utan å sortere eller tygge noko særleg. Aluminiumsbitane eltast rundt i magen, til dei henger seg fast i slimhinnene og lager stygge sår. Kua stivnar som ein krakk, og nektar å ta til seg næring, for det ho har det så vondt, seier Haukaas.

Trur på høgare pant

Brynestad forstår ikkje kvifor folk på tur ikkje kan ta med seg bosset heim og hive det. Høgare pant kan bidra til at fleire vel å dra rundt på tomme flasker og boksar.

– Ein måte å løyse det på er å heve panten, slik at færre hiver boksar og flasker utandørs, seier ho.

Stordrift vil føre til auke

I moderne kvegdrift sorterast ikkje foret. Etter kvart som gardane blir større, aukar sjansen for at ting blir liggande igjen på marka.

– Eg kunne gjerne sortert høyet for hand, men då må du som forbrukar vere villig til å betale mykje meir for mjølka og kjøttet, for arbeidstida vil bli mangedobla, seier Haukaas.

– Det er to måtar å løyse det på, enten må folk lære seg å ikkje hive søppel på beitemarkane, eller så må vi gå tilbake til å slå gras med ljå og hesje det, seier ho bestemt.

Finn metall i dei fleste kyr

Mange for lagt inn magnetar i kyr, for å førebyggje at spiker og piggtråd skadar dyret alvorleg.

– Vi finn metall på nesten alle magnetane som har blitt lagt inn for å førebyggje kvast. Kvar slakteveke vil kjøtkontrollar i Norge finne storfe med traumatiske fordøyelsesproblem. I Loen finn kjøtkontrollen om lag to til tre tilfelle av dette på storfe kvar slakteveke, fortel veterinær Elisabeth Strøm ved Mattilsynet på Nordfjord kjøtt i Loen.

Har vert heldig til no

Brynestad plukka to bereposar med boss på marka hennar langs vegen i Olden i vår.

– Det er berre eit tidsspørsmål før det går gale, i vinter oppdaga eg glasskår i foret til kyrne mine, seier Brynestad.

Ho meiner og at ei heving av panten kan hjelpe.

Elisabeth Strøm i Mattilsynet viser korleis aluminiumboksar ikkje blir fanga opp av magneten som skal førebyggje kvast. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Reidun Brynestad er lei av bilistar som hiv ifrå seg boss på beitemarkene hennar i Olden. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth