Langvin as har investert  kring 18 millionar i den tidlegare jordbruksskulegarden sidan dei tok over eigedomen.

– Husa er i standsette og det bur folk i alle husa, fjøsen er ominnreidd til slaktegris. Vi snakkar om ei investering på 12 til 13 millionar. I tillegg kjem veksthusa som skal stå ferdige denne månaden. Det er eit prosjekt kostnadsrekna til 5,2 millionar, seier Steinar Dvergsdal. Totalprosjekt Eigedom as eigd av Dvergsdal og borna hans, kjøpte Langvin Gard as og skifte namn til Langvin as i 2015.

Folk i alle husa

– Det var 30 bygningar. Berre to var i bruk, to bustadar var heilt nedplukka innvendig etter tidlegare vasskade. Fem hadde frostsprengde røyr. I dag bur det folk i alle hus. Vi er komne rundt med vedlikehaldet, seier Dvergsdal som er oppteken av gode avtalar både med bygdefolket og stiftinga Innvik Næringsutvikling.

– Eg tok over avtalane som dei hadde gjort med den tidlegare eigaren, seier han, og det er tydeleg at både Dvergsdal og stiftinga er nøgde med utviklinga. Når tiltaka som no er i gang er fullførte ser dei avtalen som gjennomført.

Først i landet

Veksthusa med eit samla areal på 750 kvm, skal stå ferdig denne månaden. Det er i same området som veksthuset for skulen, og det blir bygt for jordbærproduksjon.

– Det er ikkje første gangen det blir produsert jordbær i veksthus her i landet. Det blir dyrka i eldre veksthus, men det er første gangen det blir bygt fullt ferdig veksthus for denne produksjonen, fortel Dvergsdal som er glad for at Innovasjon Norge trudde på prosjektet og tok del i finansieringa.

Det er Atle Skaaden som skal leige dei tre veksthusa og stå for produksjonen. Det er alt tinga 14.000 plantar, og første bæra kjem i månadsskiftet april/mai neste år.

– Planen er to sesongar i året. Ein i framkant og ein i etterkant av den vanlege sesongen. I planen har vi sett opp ein årsproduksjon på 5,5 tonn, fortel han og er glad for samarbeidet med Skaaden som også har kontrakt på å halde fram med den frukt- og bærproduksjonen han alt har etablert på Langvin i minst ti år til.

Slaktegris i driftsbygningen

Driftsbygningen er ominnreidd til slaktegris. Den stod ferdig i fjor for ein konsesjonsbuskap på 2.100 slaktegris, og det er Lidvin Olav Hage som har denne produksjonen og har stått for ominnreiinga.

Utgreiing om skulebygget

Utgangsbygget for skulebygget var asylmottak, men det vart ei kort historie.

– Skulebygget er ein stor ressurs. Det er i god stand. Eg ser føre meg skule/ omsorg/ rehabilitering. Vi har ikkje noko konkret førebels, men vi har i gang ei utgreiing. Vi ynskjer å bidra mest mogeleg, er opne for idear og inviterer til samarbeid, seier Dvergsdal, som også har teke på seg styreleiarvervet i Innvik Fruktlager.

Nye tiltak og samarbeid

– Som eigarar av Langvin as ser vi føre oss at skal vere ein utviklingsmotor og også vere med å investere i nye tiltak. No har vi samarbeid både med Skaaden, Hage og også Utvik Maskin. Det kan bli fleire. Vi tener ikkje så mykje pengar på Langvin as. Drivkrafta har vore lysta til å gjere noko for landbruket og for bygde-Norge, seier han og listar opp idear som står på vent.

Blant anna er det planar om fjørfe. Kravet om frittgåande høns blir stadig sterkare, seier mannen som er litt stolt av kva som stod i papira frå kulturminnefondet. Pengane kom fordi han viste vilje og evne til vedlikehald av kulturminne.