Etter første halvår i år ligg Ekorneskonsernet an til tredje året på rad utan store endringar i driftsinntektene, skriv Nett.no. I 2015 enda driftsinntektene på 3,2 milliardar kroner og i 2016 på 3,1 milliardar kroner.

Etter første halvår i år ligg dei på 1,6 milliard kroner, litt under nivået frå same tid i 2016. Ekornes har gjennomført fleire tiltak for å redusere kostnadane dei siste åra.

Ved slutten av 2016 utgjorde kostnadskutta ein effekt på 100 millionar kroner spart i året. Kostnadskutta skal vere med å på å gi rom for investeringar som skal gi ny vekst. Målet er tre til fem prosent vekst i året. Veksten skal nåast ved å doble salet frå dotterselskapet IMG gjennom å byggje ut sals- og distribusjonsstrukturen for selskapet.

For Stressless-møblane – som er det viktigaste produktet for konsernet – skal veksten kome ved utvikling av nye produkt og styrke salet gjennom eksisterande kanalar.

(©NPK)