Det var ein mann i 40-åra heimehøyrande i distriktet, som omkom på sykkel i trafikkulukka like ved Kleivenes Camping onsdag morgon. Det opplyser operasjonssentralen ved Vest politidistrikt til Fjordingen onsdag kveld.

Ulukka skjedde ved riksveg 15 på Øvreeide åtte kilometer aust for Stryn sentrum.

- Saka er under etterforskning, og blir følgt opp av lensmannskontoret i Stryn torsdag. Dei pårørande er varsla, seier vakthavande Kai Henning Myklebust ved operasjonssentralen.

Han kan førebels ikkje gå ut med meir informasjon om ulukka. Ein får avvente om politiet i Stryn vil gå ut med fleire opplysningar torsdag, legg Myklebust til.