Det har vore eit trafikkuhell ved Kleivenes på rv. 15 i Stryn med tragisk utfall onsdag føremiddag.

– Etterforsking av hendelsesforløpet tyder på at syklisten sykla inn i søppelbilen som stod stille i vegen. Utfallet av dette var at syklisten omkom, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til Fjordingen.

Samanstøyten mellom sykkelen og søppelbilen skjedde like ved Kleivenes camping.

Politiet vil førebels ikkje ut med kjønn eller alder på syklisten, sidan varsling av pårørande pågår.

Det bygde seg opp store køar i begge retningar. Vegen er no opna for trafikk med manuell dirigering.

Politiet oppmodar om å vise omsyn.

Ulukka vart varsla til AMK rundt klokka 10 onsdag føremiddag.