Ingen av passasjerane pådrog seg skade etter at ein tysk bil køyrde ned eit trafikkskilt ved Langsethøgda torsdag. Uhellet fann stad like etter lunsj. Bilen var ikkje lenger i køyrbar stand etter møtet med skiltet, og ein tysk familie fekk ein bråstopp på ferien sin i indre Nordfjord.