Den siste veka er den svartelista pukkellaksen oppdaga fleire stadar i Norge. Pukkellaksen er naturleg utbreidd i Stillehavet, men kan øydeleggje genetikken til villaksen her heime.

Pukkellaksen har tidlegare, i all hovudsak, blitt registrert i Nord-Norge, men i år har han vore registrert langs store delar av kysten heilt ned til Rogaland.

I helga fekk ein fiskar to pukkellaksar i elva Gaula i Sogn og Fjordane, skriv Firda.

Også i Naustdal, i same fylke, fekk to fiskarar den svartelista fisken på kroken i helga, [URL]ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Sist veke skreiv Sunnmørsposten at det hadde blitt teke fleire eksemplar av pukkellaksen i Ørstaelva i sommar.

Også i Trøndelag og i Rogaland er det registrert pukkellaks dei siste vekene. No oppfordrar Norsk institutt for naturforsking (NINA) om at folk tek kontakt dersom dei observerer pukkellaks eller andre framande artar.

– Lokalkunnskap og tips frå publikum er ei viktig kjelde for å avdekkje spreiing. For å sette inn effektive tiltak er det naudsynt at nye tilfelle blir påvist og rapportert så tidleg som mogleg etter at introduksjonen først har skjedd, står det på heimesidene til NINA.

(©NPK)