Det er eit stramt program med skyting kvar dag fram til tysdag i neste veke. Dei to beste på meisterskapen får eigen premie, og vinnaren av olsokskytinga vil få Einar Øen’s minnepremie. Det blir også delt ut meisterskapsmedaljar for klasse 3–5 og i aldersbestemte klassar.

I lagskyting blir det kjempa om Olsokpokalen i sølv. Dei tre beste i lagkonkurransen får Hallvard Sindre’s minnemedalje. Sparebankpokalen er sett opp på 200 meter i klasse 3–5.

Siste sjanse

Olsokstemnet er saman med Sunnylven sitt stemne siste sjanse for kvalifisering til finalen i Toyotacupen, opplyser arrangøren.

Du kan følgje olsokstemne på nett. Heimeside med resultatservice finn du på denne linken.

Livevising av skytinga får du ved å følgje denne linken.