Elida Høgalmen frå Oldedalen vart som mild sommarvind mellom hardrocken som elles vart presentert på Jyplinscena fredag. Ho fortalde at i august kjem ein singelutgjeving og Ep seinare i haust. Det er berre å gle seg til godlåtar i øyrene.

Malakoff Rockefestival er godt i gong og det er stas for unge, framstormande musikarar å syne seg fram. Denne sekvensen er også Sommarlutt i regi av NRK Sogn og Fjordane der artistane kjempar om Luttpris på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Juryen avgjorde at dei yngste rockarane frå bandet ”Jackbow” fortente Luttprisen, og som Stian Sjursen Takle frå NRK uttalte då ungdomane gjekk av scena:

- Dei rocka fletta av publikum.