Sidan 2014 har traseen gått mellom Grodås og Otterdal. Løparane som spring heilmaraton er innom Otterdal fire gonger.

I tillegg til fullversjonen (42.195 meter) blir det også arrangert halvmaraton, 10 kilometer og minimaraton for dei yngste.

Maraton nummer 100?

For to av deltakarane ligg det an til eit aldri så lite jubileum. Om Signy Henden Rustlie og Geir Jensen fullfører løpet vil dei runde 100 fullførte maratonløp. Henden Rustlie er opphavleg frå Hennebygda, og spring såleis på heimebane denne gongen.

Inge Asbjørn Haugen frå arrangørklubben Hornindal IL runda 545 fullførte maraton i juni, og han stiller også på startstreken laurdag.

Innspurt på planlegginga

Ståle Hatlelid i arrangørkomiteen fortel at dei denne veka har lagt dei siste planane.

– Alt går etter planen. Før helga var godt 60 løparar påmeld, men vi ventar fleire påmeldingar utover i veka fram mot løpsstart, seier Hatlelid.

Helge Hafsås frå Olden har løyperekorden på 2.47.53, sett i 2015. Damerekorden har Dorte Foss frå Raufoss (3.08.42).