Det var i august 2014 at musikalen hadde urpremiere ved Sagedammen på Ulvedal. Det er Torstein Tvinnereim som er forfattar og produsent, medan Jon Are Steen har komponert musikken og har det musikalske ansvaret for band og kor som bidreg i musikalen.

Stykket tek føre seg ulike historier, sanne som usanne, frå området og teiknar også eit bilde av tøffe husmannskår, der storbonden er sjefen i grenda. Sladrekjeringar, vaskekoner og bygdeoriginalen tilfører både alvor og skjemt til stykket. Og sjølvsagt står kjærleiken sentralt.

– Kva nye ting kan vi vente oss, spør vi Tvinnereim.

– Arild Bø, som har regien, har tenkt ut nokre nye grep. Han har spekulert i to år no. Bethan Candice Bredesen har tenkt ut litt ny koreografi. Det blir spennande for meg også å sjå, for det er ikkje mitt område, smiler musikalskaparen.

Tvinnereim er oppteken av at stykket ikkje skal stivne i forma, men samstundes skal det vere gjenkjenneleg og historia set også sine avgrensingar.

– Stykket er skrudd saman på ein bestemt måte for å fortelje ei historie, så ein kan ikkje berre ta inn nye ting heller.

Nye aktørar

Av andre endringar vil publikum møte nokre nye fjes.

– Marthe Holien Bø er komen inn som ny sladrekjering. Andrea Vinsrygg Steen skal inn og erstatte ei rolle som Stein Inge Rand Torheim har hatt. Det blir nokre nye vaskejenter, og så blir Andreas Vinsrygg Vadstein ny gjetargut. Han er berre 9 år og er den yngste som har hatt den rolla så langt, fortel Tvinnereim.

Han tek også med at det blir eit større kor, Jon Are Steen kjem til å gjere nokre grep musikalsk og dei har fått inn musikaren Laila Beate Førde som skal spele saxofon i stykket.

Det har vore godt besøk dei to første sesongane av musikalen, nær 1200 personar såg stykket både i 2014 og 2015.

– Kvifor denne suksessen?

– Vi har fått gode tilbakemeldingar på det som er gjort og totalopplevinga ein får i Sagedammen, så eg trur vi har truffe noko litt utanom det vanlege, seier Tvinnereim.

Torstein Tvinnereim har forfatta musikalen Årringar, medan Jon Are Steen har utvikla det musikalske. Foto: Kaia Johnsen Viki