Sveinsson er allereie på plass i Stryn, og 49-åringen gler seg til å ta fatt på den nye utfordringa.

– Ja, dette blir ei interessant utfordring, seier «Olli», som har møtt nokre av spelarane han rår over den komande sesongen. Han har fått eit positivt inntrykk og er imponert over det Stryn har fått dyrka fram på spelarsida.

Vil halde plassen

Noko konkret målsetjing for comebacksesongen i 2. divisjon har ikkje Sveinsson enno.

– Dette har ikkje blitt diskutert med heile spelargruppa og styret. Men det vil jo vere naturleg å prøve å halde plassen. Dette må vi kome tilbake til når eg veit meir om eige lag og motstandarar, seier Sveinsson.

Til Stryn på tredje forsøk

For Stryn har Sveinsson vore ein ettertrakta trenar lenge. Heile tre gonger har klubben prøvd å knyte seg til islendingen.

– Eli Kroken har vore i kontakt med meg nokre gonger. I utgangspunktet var kontrakten min med Jotun utgått, og eg var først og fremst ute etter å finne meg ein sivil jobb, noko som er vanskeleg i Årdal. Då Eli tok kontakt og jobb var på plass var det ganske logisk for meg å kome til Stryn og bidra, fortel Sveinsson. Han seier at han kjenner godt til det arbeidet Gunnar Lindal Sigurdsson har lagt ned i klubben. Med seg til Stryn har han også ein son.

Startar med treningar snart

– Kor tid vil de starte opp att med treningar?

– Så snart treningstider og andre praktiske ting er på plass vil spelargruppa samlast, truleg i slutten av månaden, seier Sveinsson.

– Kva med eventuelle forsterkingar av laget?

– Det er det for tidleg å seie noko om, men alle lag bør forsterkast kontinuerleg. Dette er ei oppgåve klubbeleiinga skal vurdere framover.

Lang karriere i Norge

Sveinsson har 12 år bak seg som trenar i Norge. I tillegg til to periodar i Jotun har han vore trenar for Træff i Molde, Bravo i Tromsø og Årstad i Bergen.

Stryn serieopnar mot Stord 10. september på heimebane.

Olafur Sveinsson og Jotun sitt damelag fekk bank då dei besøkte Strynehallen for eit par sesongar sidan. Foto: Stig Høynes