Nasjonal jordvernpris er eit tiltak i den nasjonale jordvernstrategien til Regjeringa for å sikre at matjorda blir betre teke hand om. No skal juryen vurdere 23 kandidatar som kan få prisen.

23 nominerte

– Skal vi ha nok jord til å dyrke mat på i framtida, er det avgjerande at kommunane har nok kunnskap og kompetanse til å leggje gjennomtenkte planar, gjere gode vurderingar og ta dei rette avgjerdene for matjorda vår, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Av landarealet i Norge, er det berre tre prosent som kan nyttast til matproduksjon. Denne er det viktig å ta vare på. Difor har Regjeringa innført prisen, som skal medverke til auka merksemd om jordvern og få fram gode idear og strategiar som tek vare på matjorda.

(©NPK)